20. juli 2012

Fang sola!

Ein fin måte å lage eit godt mikroklima for sarte vekster og samstundes få nytte avfall frå hagen, er å lage ein solfangar. Eg laga meg ein slik i vår ved hjelp av kvist og kvast frå årets vedhogst. Prinsippet går ut på å nytte den tjukkaste delen av greinene til å lage ei støtte for riset som utgjer veggen. For å utnytte solvarmen best får solfangaren ein svak bue som vender mot sør.

Inntil solfangaren kan ein lage eit kompostbed som består av kvister, gras, gamal kompost ol. og dekkje med gamalt høy eller gras. Her er det fint å plante f.eks squash, gresskar eller andre vekstar som krev varme og næring.
Solfangar og kompostbed med gresskar

Nytt dei tjukkaste greinene til å lage støtte for riset



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar